Volda, 26. januar 2022

Ny avdelingsleiar

Jahn Christer N Humberset ny avdelingsleiar i Furene Utvikling AS

Jahn Christer N Humberset er tilsett som ny avdelingsleiar i Furene Utvikling AS.

Han tek over etter Kirsti Gaudestad som skal over i ei nyoppretta stilling som Fagleg leiar i Furene.

Jahn Christer kjem frå Bufetat, og har i tillegg erfaring frå sal og sørvis, noko som vil kome godt med i arbeidet med å leie og utvikle Furene Utvikling AS .

 

Vi får ein ny leiar med allsidig kompetanse og erfaring. Vi har tru på at Jan Christer vil bidra med nye perspektiv for utvikling av verksemda, og dermed løysing av samfunnsoppdraget vårt innan arbeid & inkludering, seier dagleg leiar Hallstein Saunes.

 

Dette er ei spennande og utfordrande stilling som eg verkeleg gler meg til å ta fatt på. Eg ser fram til å bli kjent med Furene og være med på vidare utvikling av medarbeidarar, produksjon og selskapet seier Jahn Christer.