Kontaktperson Olav Stokke: olav.stokke@furene.no / mob: 95 12 78 15

 

Er du arbeidsgjevar og treng folk eller kan tilby praksisplass vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi kvalifiserer jobbsøkjarar til å dekke ulike behov i den lokale og regionale arbeidsmarknaden gjennom skreddarsydde og velprøvde opplegg. Vi tilbyr ulike former for arbeidstrening, og førebur jobbsøkjarane våre på kva du som arbeidsgjevar forventar og treng.

Deretter finn vi saman ut korleis arbeidstakaren best vert inkludert i di bedrift. Alt dette skjer under tett oppfølging av Furene sine rettleiiarar, og er kostnadsfritt for bedrifta.

Elles har vi interne arbeidsarenaer for opplæring og kvalifisering innanfor:

  • Mekanisk arbeid
  • Industritenester
  • Kantinedrift
  • Vaskeri
  • Trevare
  • Grafisk arbeid/profilering
  • Tekstiltrykk

For at vi skal lykkast med vårt samfunnsoppdrag, er vi avhengige av at alle er med og bidreg. Gir du praksis eller jobb til ein jobbsøkjar gjennom Furene, er du også med og tek eit viktig samfunnsansvar. 

 


RINGER I VANNET

Ringer i vannet er eit samarbeid mellom oss og NHO sine medlemsbedrifter, både lokalt og regionalt. Når ei medlemsbedrift har eit arbeidskraftbehov, tek dei kontakt med oss for å høyre om vi har den arbeidskrafta dei etterspør.  Basert på bedrifta sine krav og ønsker, undersøker vi vår eigen portefølgje for å finne aktuelle kandidater til jobben. Dette kan resultere i ei arbeidsutprøving og opplæringsperiode i den aktuelle bedrifta for kanditaten vår, med tett oppfølging frå Furene. På denne måten kan personar som kanskje har stått utanfor, eller har slite med å kome seg i lønna arbeid, få ei god moglegheit til å lukkast gjennom dette samarbeidet.

rinder_i_vann.png