Furene AS er ei av landets omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Leikong, Fiskå og Ulsteinvik.

Selskapet vart etablert i 1971. Verksemda er eigd av Norges Handikapforbund (51,3 %), Møre og Romsdal Fylkeskommune og 11 kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord. Alle opptente midlar vert brukt i verksemda. Ansvaret for den daglege drifta høyrer under styret og dagleg leiar slik aksjelova krev. Bedrifta er medlem i NHO Service.

I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum. Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft. 

Hovudproduksjonen på tenestesida er avklaring, arbeidsretta rehabilitering, kvalifisering og formidling. Dette vert gjennomført ved at deltakarane får prøve seg i ulike arbeidssituasjonar både i våre lokaler eller ute hos eksterne samarbeidspartnarar.  Gjennom arbeidspraksis får deltakarane trening i ulike jobbsituasjonar med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile prosessen.

Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre. Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar. 

Furene AS er leverandør av ulike tenester til NAV. Vi er godkjend arbeidsmarknadsbedrift og er leverandør av dei dagbaserte tenestene avklaring, arbeidsretta rehabilitering, arbeidsførebuande trening og oppfølging på Søre Sunnmøre.