«Det handlar om å ta nokon i handa»,  skriv forfattaren Asle Geir Johansen i historieskriftet til 40 års jubileet.

Det har handla om å gi hjelp til sjølvhjelp for kvar person, la evner og anlegg spire, vise vegen vidare, leie der det trengs, skape motivasjon og tru på framtida.

Dette var grunntanken til interimstyret med Jens Petter Ekornes i spissen ved skipinga i 1971, og for Jostein Aambakk som styreleiar og Trygve Brune som disponent frå starten og fram til 1998.

Det er mange som har æra for den solide bedrifta Furene er i dag, men ein kjem ikkje utanom desse to «bautaene» når historia skal forteljast. På same vis sette Kjell Høydal sitt preg på utviklinga som leiar frå 1998-2008 då Hege Karete Hamre tok over og leia bedrifta inn i den «moderne tidsalder» frå 2008 – 2017.

Furene Historikk.PNG

Ideen om ei verna bedrift dukka først opp i samband med etableringa av «vanføresenteret» på Mork.

På stiftingsmøtet i 1971 vart Jostein Aambakk vald som første styreleiar. Det vart skipa som aksjeselskap i samsvar med retningslinjene frå Arbeidsdirektoratet. Selskapet Volda Industrier AS vart skipa som «verna bedrift» som eit ledd i ei landsomfattande satsing.

Når ein skulle velje tomt var politikarane i både Volda og Ørsta samde om Furene, fortel Aambakk.

1. juni 1973 vart Trygve Brune tilsett som disponent. Han hadde bakgrunn frå mekanisk industri og kom frå stillinga som teknisk sjef i Glamox. Fyrste oppgåva var å skaffe finansiering til bygg og maskiner. Arbeidsdirektoratet stod for det meste av midlane. Og før 1974 var omme var 11 yrkeshemma tilsett i Furene saman med ein arbeidsleiar. Allereie på dette tidspunktet var attføringsarbeidet godt forankra i eit «attføringsutval» som stod for inntak og tilrettelegging av attføringsplanar.

Dei største utfordringane i denne perioda var å skaffe nok oppdrag. Difor har det i forretningsutviklinga til bedrifta handla mykje om å vere ein god underleverandør med fleksible og pålitelege leveransar til industrien i vårt område.

Ein har i denne perioda også satsa tungt på eigne produkt som peispuster, regulerbare skulemøblar, gåveartiklar i furu, vevstol og «Volda klemma» ein wirelås nytta i offshore, som bedrifta hadde patent på og sel mykje av den dag i dag.

Vekst har vore eit mål for bedrifta i alle år. Når ein veks, treng ein meir plass. Utviding og utvikling av eigedomsmassa har vore viktig for Furene. Har må vi spesielt nemne Martin Brenne som kom inn som styreleiar i 1998. Han var ei drivkraft i utviklinga av bedrifta og eigedomsutviklinga.

I 2013 fusjonerte ein med Dragsund Asvo og vaks både i tal på tilsette og fekk avdeling på Leikong og på Fiskå med på kjøpet. Med kontor og kurslokalar i Ulsteinvik og drift av Bakk-Ola marka er vi no representert i 5 av dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre.

I 1998 vart tiltaksstrukturen endra og bedrifta fekk eit mykje sterkare attføringsfagleg fokus. Volda Industri gjekk frå å vere ei verna bedrift til ei attføringsbedrift. I dette arbeidet vart avklaring, kvalifisering  og formidling til ordinær bedrift nye tiltaksløp. I denne perioda vart det skipa «Service grupper» dyktig leia av Oddvin Furnes. Dette var utleige av arbeidskraft til lokale verksemder med mål om fast arbeid. Det mest vellukka formidlingstiltaket vi har hatt i Furene.

For å markere tidskille og kvitte seg med omgrepet «verna industri»,  skiftar ein i 2006 namn til Furene AS.

Utover på 2000-talet skjer det store endringar i NAV og tiltaksstrukturen og arbeidsfordelinga er i kontinuerleg utvikling frå 2005. Dette gjer at Furene også endrar strategi og satsar hardt på forretningsutvikling og andre bein å stå på. Nokre vellukka grep og nokre som vert avvikla.

I dette tidsromet vinn Furene fleire store anbod og er hovudleverandør for tenestene til NAV i Møre og Romsdal. Det som var den «skjerma» delen av verksemda har minka til fordel for dei anbodsutsette og  konjunkturbaserte leveransane.

Uansett ramebetingelsar har Furene stått stødig på sitt grunnfjell og greidd å balansere børs og katedral i alle desse åra.

Sjølv om begrepa har skifta frå «verna bedrift» til «attføringsbedrift», via «arbeidsmarknadsbedrift» til dagens «arbeids- og inkluderingsbedrift» - så er misjonen den same.