Resultat 2020

Arbeid og Inkludering

I 2020 gjekk 200 personar frå Furene til arbeid eller utdanning. Dette er det høgste talet i Furene si historie. Samarbeidet mellom NAV, jobbsøkjar, Furene og næringsliv, er avgjerande for auka inkludering i arbeidslivet. Næringslivet sin vilje til å opne dørene i eit ekstra utfordrande år, vitnar om at samfunnsansvaret står sterkt i regionen. Det å ha ein jobb å gå til er svært viktig for den einskilde.

I tillegg kjem den samfunnsøkonomiske gevinsten av deltaking i arbeidslivet. Ein person som kjem i arbeid og beheld arbeidet i ti år, gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst på 4,6 millionar kroner.

 

Økonomi

Furene leverer også positivt økonomisk resultat. Samla omsetning i 2020 var 56,9 millionar kroner mot 57,1 millionar kroner i 2019. Korrigert for ekstraordinære inntekter, gir dette ein vekst i driftsinntekter på 1,4 %. Driftsresultatet enda på 2,6 millionar kroner i 2020, mot 3,0 millionar kroner i 2019. Netto finansinntekter var 0,8 millionar kroner i 2020 mot 1,4 millionar kroner i 2019. Årsresultatet enda dermed på 3,4 millionar kroner i 2020 mot 4,4 millionar kroner i 2019. 

Resultata står seg ekstra godt i lys av korleis Covid-19 har påverka samfunnet og næringslivet, og vitnar om tilsette som finn gode løysingar også i krevjande tider, seier kst. Adm. direktør Olav E. Torset i ein kommentar.

For meir informasjon, kontakt kst. administrerande direktør Olav E. Torset, mobil 995 32 486.