Hallstein Saunes ny administrerande direktør

Hallstein Saunes skal leie Furene

Hallstein Saunes er tilsett som ny administrerande direktør i arbeids- og inkluderingsverksemda Furene. Han tek over etter Eldor Skeide som av helsemessige årsaker har valgt å gå av.

 -Vi takkar Eldor for den solide innsatsen han har lagt ned for selskapet og ser fram til å halde fram den positive utviklinga med Hallstein Saunes ved roret, seier styreleiar Inge-Jonny Hide.

-Eg gler meg til å bli kjend med og arbeide saman med menneska i Furene, og få vere med på små og store sigrar i eit selskap med eit klart samfunnsansvar. Leiing er å få til resultat gjennom andre. Eg ser fram til å vere med å forsterke det Furene er i dag, og utvikle selskapet i takt med behov og moglegheiter samarbeidspartnarane våre gir oss.

Hallstein Saunes kjem frå stilling som dagleg leiar i Link AS, eit leiande selskap innan drift av statlege flyktningmottak. Han er òg leiar for Link sitt eigedomsselskap.  

Økonomileiar Olav Elias Torset i Furene er konstituert i stillinga fram til Hallstein tek over 1. september 2021.

For meir informasjon:

Inge-Jonny Hide, 911 99 579

Hallstein Saunes, 488 98 548