Furene er stolte av å kunngjere at vi har oppnådd ISO-sertifisering for både kvalitetsstyring (ISO 9001) og miljøstyring (ISO 14001). Denne viktige milepælen understrekar vår forplikting til kvalitet og berekraft i alle delar av verksemda.
F.v. Kvalitetsleiar Mona Rossetvik, produksjonsmedarbeidar Herbjørn Holte og dagleg leiar Inge-Jonny Hide.
Furene kvalifiserer og formidlar arbeidskraft i regionen, og leverer tenester og produkt til næringsliv og organisasjonar. Med auka krav og forventningar frå kundar, samarbeidspartnarar og myndigheiter, er det viktig å ha etablert eit solid kvalitetssystem.
ISO-sertifisering er ein globalt anerkjend standard som sikrar at prosessane våre møter dei høgaste krava til kvalitet og miljøstyring. Å oppnå denne sertifiseringa viser at vi er opptekne av kontinuerleg forbetring, kundetilfredsheit og miljøansvar, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide.
Kvalitetsleiar Mona Rossetvik har leia prosessen mot sertifiseringa i Furene. Ho fortel at arbeidet har vore omfattande, men takka vere godt samarbeid har prosjektet kome i mål på rekordfart.
Det er stas å ha fått eit kvalitetsstempel som synleg bevis for den gode jobben våre tilsette utfører. Furene leverer høg kvalitet på alle våre tenester og produkt, samstundes som vi har fokus på å redusere vår miljøpåverknad.
Furene er medlem i Kopano, ei allianse av arbeids- og inkluderingsbedrifter over heile landet. Arbeidet mot ISO-sertifiseringa har vore eit felles prosjekt for 22 av medlemsbedriftene, og har dermed vore eit løft for heile bransjen.
Framover skal vi jobbe systematisk for å oppretthalde og kontinuerlig forbetre kvaliteten på det vi leverer. Då er det ein stor fordel å ha eit nettverk å dele erfaringar med, avsluttar Rossetvik.
Fakta
Furene er ei arbeids- og inkluderingsverksemd på Søre Sunnmøre og har om lag 190 tilsette medrekna 76 VTA-plassar (varig tilrettelagt arbeid). I alt 775 deltakarar var innom Furene i 2024 og same året vart 141 personar formidla til arbeid og 19 personar til vidare utdanning. Furene har nyleg utvida verksemda etter å ha fusjonert med Ulshav AS. Verksemda leverer no tenester og produkt innanfor mekanisk industri, grafisk og profilering, klestrykk, pakking og montering, bakeri og jobbfrukt.
For meir informasjon, kontakt:
Dagleg leiar Inge-Jonny Hide, telefon 911 99 579, eller
Kvalitetsleiar Mona Rossetvik, telefon 957 30 586
Prosjektgruppa f.v. personalleiar Gro-Lise Riise, kvalitetsleiar Mona Rossetvik og fagleiar Kirsti Gaudestad.