Vaktskiftet

Næringslivet og arbeidsinkluderingsbedriftene i Møre og Romsdal går saman om nytt inkluderingsløft: Prosjektet Vaktskifte er lansert

Prosjektleiar Vaktskiftet, NæSS – Næringsforeningane på Søre Sunnmøre, Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS) og Furene

Arbeids- og inkluderingsbedriftene i Møre og Romsdal har inngått ein historisk samarbeidsavtale med dei største næringsforeiningane i fylket. Saman tek dei eit krafttak for å møte to av regionen sine største utfordringar: Auande utanforskap og mangel på kvalifisert arbeidskraft.

Vaktskifte er et initiativ frå Kopano Møre og Romsdal, som består av Brisk, Furene, Astero, Varde og Trollheim. Prosjektet skal bidra til betre rekruttering, styrka kompetanseoverføring og et meir inkluderande arbeidsliv – på tvers av bransjar, generasjonar og geografi.

Samarbeidet omfattar Næringsforeiningen i Ålesundsregionen, Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening (KNN), NæSS – Næringsforeningane på Søre Sunnmøre og Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS).

Eit felles løft for regionen sitt arbeidsliv

Møre og Romsdal står framfor store utfordringar knytt til både arbeidskraftsbehov og utanforskap. 32 000 personar i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet i Møre og Romsdal.  Samtidig er det kritisk mangel på arbeidskraft i både privat og offentleg sektor. Mange av dei som står utanfor, vil kunne jobbe dersom tilhøva vert lagt til rette for det og dersom dei får tilstrekkeleg bistand og støtte.

Med Vaktskifte ønskjer partane å utvikle nye løysingar og skape fleire vegar inn i arbeidslivet.

– Vi møter kvar dag menneske med stort potensial, men som treng strukturert oppfølging og reelle mulegheiter. Med Vaktskifte får vi ein felles arena der arbeidslivet og inkluderingsbedriftene kan bygge bruer og opne fleire dører til arbeid, sier Inge-Jonny Hide, dagleg leiar i Furene.

Forankra i heile fylket

Vaktskifte er forankra i heile fylket – frå Kristiansund og Surnadal i nord til Vanylven i sør – og samarbeidet har brei støtte frå næringsforeiningae i regionen.

– Mangel på arbeidskraft er i ferd med å bli ei av dei største bremsene for næringslivet i Møre og Romsdal, understrekar Sigrun Heltne Vartdal som er dagleg leiar for Ørsta næringskontor. - Med Vaktskifte tek vi eit felles ansvar – både for å styrke rekrutteringa og for å sikre at fleire får en plass i arbeidsfellesskapet.

 

For meir informasjon:

 

Inge-Jonny Hide

Dagleg leiar Furene
Mobil: 91199579
E-post: ijh@furene.no

Prosjektleiar Vaktskiftet, Kopano Møre og Romsdal og Næringsforeiningar