OMAR

Eg er frå Italia og har ein mastergrad i økonomi og logistikk.

Etter utdanninga arbeidde eg ein periode i Italia og Dubai, vidare starta eg for meg sjølv innan transfermerking og klesproduksjon i Syria. Då krigen braut ut måtte eg flykte med det vesle eg fekk med meg. Eg enda etter kvart opp i Noreg og Ørsta. Her arbeidde eg fleire år med galvanisering. Ei arbeidsulukke gjorde at eg kom til Furene - eg hadde behov for å finne ein ny yrkesveg.

Her fekk eg moglegheita til arbeidsutprøving på transferavdelinga. Med god tilrettelegging klarte eg å kome attende i arbeid. Etter kvart opna det seg moglegheit for fast tilsetting og eg er no ein del av teamet i Furene.

FRAMIFRÅ
FOLK

Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.

I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.

Vi er heile tida på leit etter eksterne arenaer for at personar skal få prøve seg i arbeid.

Er du ein arbeidsgivar som ynskjer å vite meir om moglegheitene?

– ta kontakt med avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset på tlf 90 51 64 41 eller jahn@furene.no.

Slik kan du og ditt firma vere med å «bygge bru og framtidstru» og bidra til auka sosial berekraft.