MEKANISK

Furene mekanisk er ein påliteleg leverandør av varer og tenester til industrien på Sunnmøre. 

Våre produktområde er maskinering, platebearbeiding og sveising samt montering av produkt og komponentar i metall. Vi har også god erfaring med å utvikle nye produkt og løysingar i samarbeid med kundane våre. 

Avdelinga er i positiv utvikling med gode fagfolk og ein moderne maskinpark. Vi leverer godt handverk til konkurransedyktige prisar og er ein god arena for arbeidsinkludering.

Les meir om våre produkt og oppdrag her.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat med avdelingsleiar Arnt Egil Brautaset: arnt.brautaset@furene.no, tlf. 99 25 48 64.

FRAMIFRÅ
FOLK

Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.

I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.