MEKANISK PRODUKSJON

Kontaktperson Arne Straume: arne.straume@furene.no / mob; 95 24 88 10

Kontaktperson Oddbjørn Baade: oddbjorn.baade@furene.no / mob 98 90 68 45 (avdeling Dragsund)

GENERELT

Mekanisk avdeling i Furene AS har ein lang tradisjon for å vere ein påliteleg kvalitetsleverandør av varer og tenester til industrien på Sunnmøre. Vi tilbyr maskinering, platebearbeiding , sveising, overflatebehandling og montering av produkt og komponentar.

 

MASKINERING

Mekanisk avdeling tek på seg oppdrag i form av dreiing, fresing, boring og gjenging av dei fleste typar metall og plastmateriale. Maskinverkstaden vår har eit rikt utval av både CNC-styrte og manuelle sponfråskillande maskiner. Sjå oversikt over tilgjengelege maskiner nedanfor.

 

PLATEBEARBEIDING

Vi bearbeider plater i ulike kvalitetar og tjukkleikar. I hovudsak er dette plater i stål, rustfritt og aluminium. Vi har platesakser, kantknekker, revolverstansar, nokkemaskiner og eksenterpresser som gjer at vi kan ta på oss dei fleste oppdrag innan platebearbeiding.

 

SVEISING

Kvalitetsutstyr gjer at vi kan levere tenester innan MIG/MAG, TIG-sveising, elektrodesveising, punktsveising, boltsveising og plasmabrenning. Vi har også ein sveiserobot som utfører serieproduksjon av komponentar.

 

Andre tenester og produkt.

Vi kan tilby eit pulverlakkanlegg som lakkerer komponentar med lysekte polyester. Prosessen er rask og lakken har overlegne mekaniske egenskapar. Vi har også utstyr for sand/glas-blåsing og vasking/avfetting av delar.

Gjennom mange år har vi levert eit stort volum av "Voldaklemma". Dette produktet er både utvikla og produsert hos oss og blir i hovedsak brukt til å låse wireslingsar for løfting av rørbuntar.

 

 

PRODUKSJONSUTSTYR

PLATEBEARBEIDING

Platebearbeiding.jpg

MASKINERING

Maskinering.jpg

SVEISING

SVEISING.jpg

OVERFLATEBEHANDLING

Overflatebehanding.jpg