DANIEL

Eg såg på meg sjølv som ressursterk og motivert til å finne arbeid

Eg har arbeidd med sal og service i over 10 år. Eg vaks opp i Kragerø, men flytta til Sunnmøre då eg fann kjærleiken og stifta familie. I starten lukkast eg ikkje med å få meg løna arbeid trass variert arbeidserfaring og god kunnskap om å skrive CV og søknad.

Etter kartlegging av yrkesmål hos Furene, byrja eg i praksis hjå Europris i Fosnavåg. Her fekk eg gode tilbakemeldingar frå arbeidsgivar, og etter tre veker i praksis fekk eg tilbod om løna arbeid. Her trivst eg godt med kjekke kollegaer og varierte arbeidsoppgåver.

FRAMIFRÅ
FOLK

Vårt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknyting til arbeidslivet og få folk i arbeid. Kvar enkelt eig sitt eige løp, og vi er med på vegen. Vi får til dette gjennom tett individuell oppfølging, kvalifisering og tilrettelegging, i nært samspel med arbeidsgivarar.

I løpet av eit år er 700 personar på ulike tiltak og tilrettelagt arbeid i Furene. Om lag 200 av desse går vidare til arbeid eller utdanning. Eit reknestykke frå Arbeid & Inkludering i NHO viser at dette gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på 240 millionar kr over fem år, basert på at dei står i ei 50% stilling i desse åra.

Vi er heile tida på leit etter eksterne arenaer for at personar skal få prøve seg i arbeid.

Er du ein arbeidsgivar som ynskjer å vite meir om moglegheitene?

– ta kontakt med avdelingsleiar Jahn Christer N. Humberset på tlf 90 51 64 41 eller jahn@furene.no.

Slik kan du og ditt firma vere med å «bygge bru og framtidstru» og bidra til auka sosial berekraft.