Sørvisavdelinga i Furene kan ta på seg ulike oppdrag som transport, vaktmeistertenester og vask av arbeidstøy

Kontaktperson Dag Mork: dag.mork@furene.no / mob 99 16 76 90 

Kontaktperson Rune Fløtre: rune.flotre@furene.no / mob 91 24 85 56 (vaktmeister)


TRANSPORTOPPDRAG
Furene AS utfører større og mindre transportoppdrag som frakting av hageavfall, møblar, kjøre ut daglegvarer for butikkar, henting av kle til vask, bringetenester m.m. Vi er fleksible når det kjem til oppdrag vi tar på oss. Alt frå langvarige oppdrag som strekker seg over månadar og år, til enkeltoppdrag som strekker seg over timar og dagar. Vi har tilgang til både budbilar og lastebil.

 


VAKTMEISTERTENESTER
Spør oss om vaktmeistertenester! Har du bruk for vaktmeister til faste oppdrag eller oppgåver som er meir sporadisk kan vi hjelpe deg med det. Furene AS tilbyr ei ambulerande vaktmeisterteneste for bedriftene i Furene Industriområde, der vi kan ta på oss oppdrag som:

  • vedlikehald av ventilasjonsanlegg, skifting av filter
  • skifting av lysrør og lyspærer
  • opne tette sluk/toalett og reparere dryppande kraner o.l.
  • reinsking av takrenner og sluk på tak
  • montering av hyller, lampar, ovnar med kontakt o.l.
  • henge opp bilete
  • mindre snikkararbeid
  • mindre maling- og tapetseringsoppdrag
  • alt av frosting- og folieringsarbeid
  • vedlikehald av grøntareale og rydding rundt bygg
  • strøing framom inngangsparti ved behov
  • anna forefallande arbeid

Vi håpar på ein avtale som alle kan ha glede og nytte av!