Profilering/trykk: profilering@furene.no / Tlf: 70 08 42 77

Gravering: gravering@furene.no / Tlf: 70 08 42 77

Din komplette profileringsleverandør.

Alt frå visittkort, graverte skilt til bilreklame og storformatprint.

Ved vår profileringsavdeling Dragsund har vi kompetansen og utstyret til å hjelpe deg med både utforming, produksjon og montering. Anten du treng logo, illustrasjonar, plakatar, skilt, vindaugsdekor eller bilreklame, er vi den rette samarbeidspartnaren for deg. Vi har både grafisk kompetanse og montørar. Prøv oss.

SKILT

Vi hjelper deg å finne skiltløysingar som synleggjer og presenterer firmaet ditt på ein god måte. Vi leverer fasadeskilt i ulike storleikar og typer, med og utan lys. Det kan vere utfreste bokstavar og logoar i alle format og variantar. Vi har eigne montørar som løyser alle typar oppdrag, anten du skal ha montert tekst på eit innandørs systemskilt, eller eit fasadeskilt 20 meter over bakken.

Vi leverer komplette løysingar med skilt og merking til nybygg og rehabilitering. Både innandørs og utandørs.

Døme på vår produksjon er stadionskilt, anleggsskilt, skilt til hamner, burettslag, løypekart, og områdekart til verksemder. Vi kan hjelpe med både utforming, levering og montering.

TRYKKSAKER

Små eller store seriar av plakatar, flygeblad, faldar, konvolutar, visittkort, brosjyrar og liknande kan leverast til konkurransedyktige prisar. Vi leverer også etikettar og klistremerker i alle format - med god kvalitet.

ETIKETTAR

No kan du få etiketter på rull i den form du ynskjer. Eit stort spenn av muligheiter. Alt frå små oblater til ølboksetikettar.
Lokalt produsert på Dragsund.

ROLL-UP OG BANNER

Treng de frittståande reklame som også er enkel å ta med, då er roll-up det rette valet. Ein roll up er lett å sette opp i resepsjonen, i butikken eller på messer.

Vi leverer banner i ulike storleikar både til bruk inne og ute. Banner høver godt å bruke til kampanjer, salsfremming, messer og arrangement.

GRAVERING

Våre hovudprodukt er skilt og panel til industrien. Det kan vere merking av ventilar, pumper, rømingsvegar eller tavler og panel. Vi både freser, graverer og laserskjere deler i plast, pleksiglas, aluminium, stål og messing. Vi har ein maskinpark som løyser dei fleste behov her. Vi tilbyr også fluoriserande skilt.

BILDEKOR

Firmabilen er truleg den rimelegaste og beste reklameplassen du kan bruke. Vi folierer både små og store køyrety.

FOLIEDEKOR

Storformatprint på ein vegg eller eit vindauge gir mykje merksemd og god profilering.

Frosting av vindauger eller glasveggar kan hindre innsyn og samtidig sleppe inn lys. Glasveggar kan dekorerast med element som striper og logoar. Berre fantasien set grenser her.

Dekorelement til vegg kan pynte opp på ein enkel og stilfull måte. Dekoren er av tynn vinyl og kan festast på dei fleste veggar med glatte overflater.