Ved graveringsavdelinga vår på Dragsund er hovudproduktet merkeskilt (merking) til maritim industri.

Kontakt Furene Dragsund: dragsund@furene.no  / tlf 70 08 42 77

Ved avdelinga vår på Dragsund produserer vi skilt. Vi graverer (dypgravering og lasergravering) hovedsakleg i plast (2-fargar), messing og stål (rustfritt og syrefast). Vi kan frese ut og laserskjere delar i plast, pleksiglass, aluminium og messing, samt levere fluoriserande skilt.

Ved Grafisk avdeling på Dragsund har vi eit godt utvalg av produkt og tenester innanfor det grafiske produktspekteret
 

UTFORMING

Visuell identitet avspeglar og tydeleggjer kva bedrifta di er og kva den representerer. Anten du treng logo, illustrasjonar, plakatar, skilt, vindaugs- eller bilreklame kan vi hjelpe deg med utforminga.

 

KLARGJERING

Om du har illustrasjonar, bilete eller anna som du vil ha skrive ut, kan vi klargjere filane for trykk. Vi har lang røynsle med førtrykksarbeid.

 

TRYKKSAKER/PRINT 

VI kan tilby flygeblad, faldar, visittkort, brosjyrar og liknande til konkurransedyktige prisar. Sjølve settearbeidet kan du gjere sjølv, eller vi kan gjere det for deg.

 

PLAKATAR

Printa plakatar er ein rimeleg og effektiv måte for å nå fram med bodskapen din. Vi har eit godt utval innan papirtypar, og kan levere på dagen.

 

STORFORMAT

Få ting skaper meir merksemd enn ein heildekkande vegg eller eit vindauge med reklame eller eit bodskap.

 

KLISTERMERKER

Vi leverer etikettar i alle format og med god kvalitet. Om det skulle vere enkle papirklistermerke, vêrbestandige merke for utandørs bruk eller 3D-merke.

 

ROLL-UP

Om du treng frittståande reklame som enkelt kan skiftast ut, er roll-up banner rette valet. Motivet vert printa med høgaste oppløysing på duk og vert levert med praktisk bereveske. Standard storleik på banner er 85 x 200 cm, men vi kan også levere i større format.

 

PLATESKILT/STADIONSKILT

Vi hjelper deg å finne skiltløysingar som presenterer firmaet ditt på ein effektiv og god måte. Vi veit korleis skilta skal verte ein integrert del av fasaden slik at forholdet mellom estetikk og regelverk vert halde i hevd.

 

BILDEKOR

Firmabilen er truleg den billigaste og beste reklameplassen du kan nytte. Bilfoliering har etterkvart vorte eit av våre hovudsatsingsområde. Vi kan foliere små og store køyretøy med alt frå heildekkjande folie til mindre logoar og dekalar. 

 

VINDAUGSDEKOR/FROSTING

Velg mellom einsfarga folie, printa folie eller utskjert folie. Med folie kan ein enkelt få vanlege vindauge til å framstå som frosta. Dersom du vil sleppe lyset inn i rommet, men samstundes unngå innsyn, er frosta folie ei god løysing. Vi sikrar deg eit optimalt resultat uansett storleik på vindaugsflata. Folien kan monterast på innsida eller utsida av glaset.

 

LYSSKILT

Lysskilt kan nyttast både inne og ute. Tradisjonelt er lysskilt laga med gjennomlysbar front, men ein kan også få den populære "corona-effekten" der lyset skyt inn mot veggen. Våre montørar gjer alle typar oppdrag, anten du skal ha montert tekst på eit innandørs systemskilt, eller fasadeskilt 20 meter over bakken. 

 

PROFILSKORNE BOKSTAVAR

Vi tilbyr komplette løysingar med utfreste bokstavar og logoar i alle format og variantar. Om du vil ha ein frittståande logo, kan vi tilby bokstavar og logoelement utskjert i ulike materiale. Bokstavane kan lakkast i ønskja farge og monterast på festeskinner.

 

DEKOR

Dekorelement til vegg kan pynte opp på ein enkel og stilfull måte. Dekoren vert utskjert av tynn vinyl og kan festast på alle veggar med glatt overflate. Vi kan montere folie på nesten kva som helst slags flate, og leverer produkt med lang levetid som likevel er lett å fjerne.

 

FOTO

Digital biletbehandling gir store moglegheiter til å forbetre eller forstørre bileta dine. Vi kan scanne, restaurere, retusjere og endre storleiken på bileta dine.