På grunn av situasjonen rundt Koronas-viruset vil vi fortløpande kome tilbake med nye datoar for jobbklubb når unntakstilstanden er over.
Nye maskiner på mekanisk
I dag har vi fått våre to nye LVD maskiner i hus.
Den eine bilen med fiberlaseren på planet var klar til lossing klokka 8. Då klokka nerma seg 10 og vi hadde fått sjaua inn laseren, så kom bil nummer 2 med kantknekka.
Både laser og kantknekke er store og tunge maskiner og vi måtte leige inn mobilkran til lossejobben.
Heile operasjonen gikk raskt og knirkeritt takka vere god hjelp frå ein dreven LVD representant.
Vi gler oss til oppstart og igangkøyring etter ferien.
Mange formidlingar i mars
Nydeleg blomsterhelsing som takk for hjelpa, frå ein av deltakerane i oppfølging som vart avslutta til løna arbeid i mars!
Også i mars vart 7 av 8 på oppfølging formidla til løna arbeid. På AFT gjekk 1 av 2 over til arbeid. Det viser at arbeidsretta tiltak i Furene nyttar!!
Nye maskiner på mekanisk
Då har vi signert kontrakt på to nye og svært effektive maskiner for platebearbeiding på mekanisk avdeling Begge maskinene er av merke LVD Den eine er ein laser plateskjæremaskin med 4kw skjærestyrke Den andre er ei plateknekke med 170 tons knekkekraft Vi ventar maskinene vil kome hit til furene rett etter ferien, og vi gledar oss veldig til å sette igang produksjon med desse
Det nyttar!
Kvar person som avsluttar eit tiltak i Furene som går enten til arbeid eller utdanning vert markert med ein bordtennisball. I 2018 vart 193 bordtennisballar. Dette er eit resultat vi er svært glade over. Tusen takk for stor innsats både til deltakarar, jobbkonsulentar og samarbeidspartar!
Jobbklubb våren 2019
Vi startar ny serie med kurset Jobbklubb våren 2019 både i Ulsteinvik og Volda.
Ulsteinvik:
1: 04.02.19- 22.02.19
2: 25.02.19- 15.03.19
3: 18.03.19- 05.04.19
Volda:
1: 29.04.19- 16.05.19
2: 20.05.19- 07.06.19
3: 11.06.19- 28.06.19
Profilering av hybridferge
Karane i full sving med profilering av ny ferge til FosenNamsos Sjø
Nye lokale
28.november var det duka for offisiell opning av våre nye lokale til avd. Dragsund. Vi gledar oss til å ta imot nye og gamle kundar i dei flotte og lyse lokala.
Jobbklubb hausten 2018
Vi startar nye jobbklubb kurs i Ulsteinvik og Volda
Ulsteinvik
Kurs 1: 27. august – 14.september
Kurs 2: 17. september – 5. oktober
Kurs 3: 8. oktober – 26. oktober
Volda
Kurs 1: 15.oktober – 2. november
Kurs 2: 5. november – 23. november
Kurs 3: 26. november – 14. desember
Stordalen om inkluderingsdugnaden
Vi er så samde med Stordalen i dette
Bedriftsmesse
Furene med stand på bedriftsmessa på Thon Hotel Fosnavåg
Jobbklubb
Vi startar ny kursserie med jobbklubb våren 2018. Kursa går over tre veker og startar som følgande; Herøy:15.01, 05.02, 26.02, 19.03. Volda: 12.02, 05.03, 03.04, 23.04. Ulsteinvik: 09.04, 30.04, 22.05, 11.06.
Ny formidlingsrekord i 2017
I 2017 sette vi ny formidlingsrekord; 191 personar formidla til arbeid og utdanning. Vi er stolte over eit slikt resultat og vil takke alle som har stått på for å få til dette!