Kontaktperson i Furene: Kirsti Gaudestad: kirsti.gaudestad@furene.no / mob: 917 88 950

EKSPERTBISTAND

Løysingsorientert tilskotsordning – la oss hjelpe di bedrift med å førebygge og redusere sjukefråvær

DSC_0326.jpg

Tilskot til Ekspertbistand er ein del av IA-avtalen. Dette verkemiddelet er no tilgjengeleg for alle bedrifter!
Ved langvarig og/eller hyppig sjukefråvær kan det vere behov for ekstern bistand.
Arbeidstakar, arbeidsgivar og NAV skal vere einige om at Ekspertbistand er eit hensiktsmessig tiltak.


Eksperten skal:

  • Primært gi bistand på arbeidsplassen.

  • Støtte opp under samhandlinga mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

  • Foreslå tiltak som skal gjere arbeidstakaren i stand til å utføre arbeidet sitt, eller gjere anna arbeid for same arbeidsgivar.

  • Kartlegge kompetanse og ferdigheiter hos ein arbeidstakar som grunnlag for å tilpasse arbeidsoppgåver eller finne ein ny yrkesveg.

  • Utarbeide ein rapport om årsak til sjukefråværet og forslag til tiltak for tilbakeføring til arbeid.

Prosessen med Ekspertbistand tilpassar vi i kvart enkelt tilfelle. Maksimalt tilskot pr sak er kr 22 300,-.


SJUKEFRÅVÆRSOPPFØLGING
Eksperten kan gi støtte til arbeidsgivar og arbeidstakar i sjukefråværsoppfølginga;

  • Samtale for felles situasjonsforståing og ansvar for å finne løysingar.

  • Oppmoding om samarbeid med behandlar og NAV så tidleg som råd.

  • Kartlegging av arbeidsoppgåver, tilrettelegging og mogelegheiter for andre oppgåver.

  • Dokumentasjon av fråværsstatistikk, gjennomførte tiltak og hjelp til å sjå etter eit mønster.

  • Samtalepart i sjukefråværsoppfølginga.

  • Informasjon om ulike løysingar og verktøy.

Våre ekspertar har lang erfaring med å finne gode løysingar på arbeidsplassen – som gagnar både arbeidsgivar og arbeidstakar.
Vi har kompetanse innafor følgjande område:

  • Arbeidsplassvurdering

  • Tilrettelegging

  • Vanskelege og diffuse fråværsrelaterte problemstillingar

  • Endring i arbeidslivet

  • Karriererettleiing

  • God kjennskap til det offentlege og private hjelpeapparatet

  • Relasjonar

  • Erfaring i å løyse opp i fastlåste situasjonar

Innafor Ekspertbistand kan følgjande tiltak vere aktuelle;


KARRIERERETTLEIING
Eksperten kan hjelpe arbeidstakar og arbeidsgjevar i ein uhensiktsmessig arbeidssituasjon med å sjå nye mogelegheiter og finne ny yrkesveg gjennom:

  • Kartlegging og samtale om arbeidstakar sin kompetanse og styrkar.

  • Auka innsikt i eigne ressursar og utfordringar som grunnlag for gode val i arbeidslivet.

  • Råd basert på god kjennskap til arbeidsmarknaden på heile Sunnmøre.

  • Bruk av anerkjende verktøy for kartlegging, samtale og refleksjon.

Målet er å handtere endringar og gjere gode val i arbeidslivet basert på kunnskap om seg sjølv og sine mogelegheiter, og her nyttar vi blant anna InFlow24.

InFlow24- ei kartlegging og eit samtaleverktøy med fokus på det positive

vip24-akronymbeskrivelse-2019-NO-002-1024x392.png

Samtalane handlar om å få kjennskap til eigne ressursar som ein viktig friskfaktor og kjelde til styrka helse, motivasjon, meistring og arbeidsglede.

VURDERING PÅ ARBEIDSPLASSEN
Eksperten kan kome inn når arbeidstakaren og arbeidsgivaren er rådville, og ikkje veit kva meir som kan gjerast.
Felles situasjonsforståing er vesentleg for å finne løysingar.

Ei funksjonsvurdering er ei vurdering av kva som skal til for å halde fram i arbeid, gjerne på tross av sjukdom eller skade.
Eksperten bidreg med:

  • Kartlegging gjennom samtale og bruk av kartleggingsverktøy.

  • Observasjon på arbeidsplassen.

  • Kartlegging av samarbeid og endringsmoglegheiter mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

  • Kartlegging av arbeidsoppgåver; oppgåveinnhald, ansvarsområde og krav.

  • Arbeidsutprøving med fokus på motivasjon, meistring, jobbutføring og føresetnader for endring og læring i arbeid.

Fysio- eller ergoterapeut vurderer arbeidsplassen med fokus på ergonomi; samspelet mellom arbeidstakar, arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø. Våre ekspertar kan bidra med:

  • Vurdering av ergonomiske, organisatoriske, psykososiale og fysiske arbeidsforhold.

  • Tilpassing av arbeidsplass og opplæring i bruk av utstyr til både arbeidstakar og arbeidsgivar.

  • Råd og forslag til øvingar for førebygging av muskel- og skjelettplager.

  • Fysisk aktivitet og kosthald.

Første steg i ein slik prosess er at arbeidsgivar kontaktar NAV på førehand, slik at NAV kan vurdere støtte gjennom tiltaket ekspertbistand. Deretter hentar ein inn pristilbod frå ein ekspert og sender søknad via Altinn.

TRYKK HER FOR MEIR INFO

Vi kan sjølvsagt også bidra med tiltak utan at ein søkjer refusjon frå NAV.
Ta kontakt med oss så vil vi hjelpe di bedrift med å førebygge og redusere sjukefråvær.