KANTINE, UTLEIGE OG CATERING

Kontaktperson Hege Beate Brandal: hege.brandal@furene.no /  tlf 97 47 01 45

 

BEDRIFTSKANTINE

Furene AS har bedriftskantine for eigne ansatte, Nettbuss AS og Nordea ved hovudkontoret i Furene. Dersom det er andre som ynskjer å kome innom, er dei hjarteleg velkomne.

Kantina er opa måndag - fredag kl 10.00-14.00.

Vi har eit forskjellig utval av påsmurt mat som smørbrød, baguettar og salatar. Nokre dagar har vi og svele, vaffel eller dessert på menyen. Vi kan også tilby drift av bedriftskantine for dine tilsette. Dette kan bidra til å  fremje arbeidsmiljøet og gjere bedrifta attraktiv som arbeidsstad. Nøl ikkje med å ta kontakt.


UTLEIGE

Har du behov for lokale til kurs, møte, konfirmasjon eller barnedåp, kan vi hjelpe deg med dette.

Vi har utleige av lette og lyse lokale i ulik storleik. Møterom kan riggast med whiteboard og projektor.

Møterom til 10 personar

Undervisningsrom/ datarom til 12 personar

Kantine med plass til 60 personar.

Dersom du i samband med leige av kurs/ møterom har behov for enkel servering, kaffe og te eller lunsj ordnar vi gjerne dette for deg.

 


 

CATERING – TIL BEDRIFTER OG PRIVATE

Vi leverer mat av god kvalitet som er delikat tilberedt. Vi sel forskjellig utval av påsmurt mat som smørbrød, baguetter og salatar. På menyen finn du og kaker, svele og vaffel. Våre bugnande fruktfat er ettertrakta!

Vi held til i Sunnmøre sitt sentrale knutepunkt. Vil du ha maten levert, kan vi mot eit lite tillegg tilby levering i nærområdet. Held du til langs vegen der Nettbuss køyrer sender vi gjerne maten til deg med buss. Ta kontakt, vi er både serviceinnstilte og imøtekomande. Bestilling seinast dagen før levering er eit ynskje frå oss.