AVKLARING (AK)

Avklaring er eit individuelt tilpassa tiltak for dei som er sjukmeldt eller langtidsledige. Det passar også for dei som har nedsett arbeidsevne, eller av andre grunnar har utfordringar i forhold til å utføre, behalde eller skaffe arbeid.

Tiltaket går over 4 veker og kan forlengast med inntil 8 veker. Avklaringstiltaket skal gi auka innsikt i eigne moglegheiter på arbeidsmarknaden, samt innsikt i eigne ressursar og ferdigheiter.

Vi kan hjelpe med systematisk kartlegging og vurdering av arbeidsevne og eventuelle behov for å kome i - eller behalde arbeid. I tiltaksperioda vil ein jobbkonsulent hjelpe med å utarbeide ein personleg handlingsplan for tiltaket, og skreddarsy eit tilbod til kvar einskild. Tiltaket kan innehalde karriererettleiing og jobbsøkaktivitetar.

Furene AS kan bidra med arbeidsutprøving og arbeidsførebuande trening. Vi tilbyr også tilrettelegging av arbeidsplass og/eller samarbeid med arbeidsgjevar (der det allereie er etablerte arbeidsforhold). Ved behov kan vi hjelpe med kartlegging av basiskompetanse, samt informasjon om arbeidsmarknad, yrker og jobbkrav.

Vil tilbyr også tema som grupperettleiing. Innsøk til avklaring skjer gjennom det lokale NAV-kontoret.