Furene med i Kopano

Frå oktober i år er Furene strategisk samarbeidspartnar i Kopano. Saman med Brisk, Varde, Trollheim og Astero held vi fram vårt langvarige og gode samarbeid, men no i tett samspel med andre arbeids- og inkluderingsbedrifter i heile landet, i Kopano-alliansen.  

Kopano er ein allianse av leiande arbeids- og inkluderingsbedrifter som jobbar for at alle, uansett føresetnader og draumar, skal kunne lykkast i arbeidslivet.    

Det handlar om noko som er større enn oss sjølve. Det handlar om å byggje verdiar, og om det som ikkje berre kan målast i kroner og øre.  

Kopano er eigd av offentleg eigde bedrifter, og er til for folk flest.  Det å hjelpe folk med å få og stå i jobb er noko av det viktigaste vi gjer for kvarandre og for fellesskapet.   

Saman har bedriftene i Kopano kraft til å drive fram nye løysningar – for eit samfunn der ingen står utanfor – og eit arbeidsliv med plass og moglegheiter for alle. Vi i Furene ser fram til å vere med på denne reisa med viktige bidrag for å nå felles mål. 

Trykk på logo for meir informasjon om Kopano.