Trening og treningsrettleiing

I våre lokale i Furene har vi eit trimrom med diverse utstyr til styrke- og kondisjonstrening med eiga garderobe. Her har både tilsette og deltakarar i dei ulike tiltaka anledning til å trene på dagtid. Det er difor ønskeleg at dei som bruker trimrommet bookar seg inn på kalenderen, kontakt resepsjonen om du treng hjelp til dette. Dersom du har behov for rettleiing eller å setje opp eit treningsprogram, kan vi hjelpe med dette.