JOBBKLUBB M/TOLK (Ukraina, Polen, Baltikum)

Omfang:

Kurset varer frå kl. 09.00-15.00 måndag til fredag, og går over to veker.

Kurset passar for:

Du som er over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Du må ha grunnleggande datakompetanse for å kunne lære meir om å bruke digitale verktøy i jobbsøking. Du ønskjer kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon. Vi stiller med PC på kursstaden.

Kurset gir deg:

Grunnleggande kunnskap om jobbsøkarprosessen. Du lærer ein systematisk tilnærming til det å søkje arbeid. Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til kva som er viktig ved jobbsøking. Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknader samt lære om rekrutteringsprosessen.

Innhald i kurset:

Jobbklubb blir gjennomført som ein kombinasjon av undervisning og aktiv jobbsøking. Tolk er tilstade både i undervisning og eigenarbeid. Det blir gitt oppgåver undervegs for å belyse ulike tema og utfordringar ein kan møte i jobbsøkinga. Kurset er lagt opp med stor grad av eigenaktivitet der ein får individuell rettleiing.

Sentrale tema:

  • Kartlegging og bevisstgjering om eigne ferdigheiter, kompetansar og mål

  • CV, attestar, referansar

  • Jobbsøknad, analysere stillingsannonsar

  • Førebuing og gjennomføring av intervju

  • Bruk av DITT NAV på nav.no

  • Arbeidsmarknadsorientering og fokus på forholdet mellom eigen kompetanse og jobbmoglegheiter

  • Arbeidslivskunnskap (kultur, nettverk, arbeidsrett og spelereglar)

  • Rekrutteringsprosessen

  • Kontakt med arbeidsgjevarar og søke på ledige stillingar

Jobbklubb Ukraina m/tolk

Jobbklubb Polen og Baltikum m/tolk

Det er ikkje sett opp datoar for nye kurs, men ta konktakt om dette kurset er aktuelt for deg.

Kontaktperson: Jahn Christer N.Humberset jahn.humberset@furene.no / tlf. 905 16 441