Kontaktperson: Kirsti Gaudestad kirsti.gaudestad@furene.no / tlf. 917 88 950 

Stiftelsen HELT MED jobbar for at menneske med utviklingshemming skal få same moglegheitene som andre til å velje mellom interessante jobbar, og Furene AS er stolt samarbeidspartnar i dette viktige arbeidet. Gjennom deltaking i arbeidslivet opplever ein å vere inkludert og deltakande i samfunet, og å vere til nytte for andre. HELT MED bidreg til at fleire får desse moglegheitene, i ordinært arbeidsliv. 

Furene AS har ansvaret for oppfølging av både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i Helt MED på Søre Sunnmøre. Vår jobbkonsulent gir varig individuell oppfølging og støtte etter behov, slik at arbeidsforholdet blir vellukka og langvarig. 

HELT MED gjer avtalar om oppretting av arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming hos lokale aktørar i både offentleg og privat arbeidsliv. HELT MED tek seg av både stillingsutlysing, intervju, referansesjekk og alt anna ein rekrutteringsprosess inneber. Det er arbeidsgjevaren som bestemmer kva kandidat dei ynskjer å gå vidare med, og målet er tilbod om fast jobb etter fire veker arbeidspraksis. Med unntak av lønnsvilkåra, inneheld arbeidskontrakten same rettar og plikter som alle andre arbeidskontraktar. HELT MED sikrar ved hjelp av jobbkonsulent i Furene varig oppfølging av både arbeidstakar og arbeidsgjevar. 

Alle skal få moglegheit til å bruke si arbeidsevne, og det er nettopp det HELT MED jobbar for. 

Furene AS samarbeider med alle sju eigarkommunane i Søre Sunnmøre om HELT MED.

Les meir her: Hjem (heltmed.no)