VARIG TILRETTELAGT ARBEID (VTA)

Furene tilbyr tilrettelagt arbeid til personar som har, eller som i nær framtid ventar å få innvilga uførepensjon.

Vi tilbyr ein stabil arbeidsplass med oppgåver som er tilpassa den einskilde arbeidstakar knytt til intern produksjonsavdeling. Det vert brukt  god tid til opplæring med oppfølging undervegs, slik at du blir trygg på arbeidsoppgåvene.

Furene betalar bonusløn etter innstempla arbeidstid. Dersom det ligg til rette for det kan det etter ei tid bli aktuelt med ekstern praksisplass i ordinær bedrift eller virksomheit.

Etter prøvetid tilbyr vi fast tilsetting. Søknad via NAV.