Arbeidsretta rehabilitering– hjelp til å stå i jobben, eller å kome i jobb
Dette tilbodet passar for deg som er heilt eller delvis sjukmeld, eller som av andre grunnar har redusert arbeidsevne og treng støtte til å stå i jobben, eller å kome i jobb.
Tilbodet varer i 4 veker, med moglegheit for forlenging i opptil 8 veker. Dersom du er sjukemeldt frå eit arbeidsforhold, får du oppfølging knytt til arbeidsplassen din.
Vi tilpassar innhaldet til dine behov, og det kan kombinerast med behandling og/eller gradert arbeid. Målet er å styrkje arbeidsevna di og hjelpe deg med å meistre helseutfordringar eller andre hindringar som gjer det vanskeleg å delta i arbeidslivet.
Ein viktig del av rehabiliteringa er å prøve ut arbeidsevna di – anten på din eigen arbeidsplass eller ein annan som passar for deg.
Hos oss får du:
- Karriererettleiing for å ta gode val i arbeidslivet
- Personleg handlingsplan saman med ein jobbkonsulent
- Arbeidsførebuande trening og arbeidsutprøving
- Tilrettelegging av arbeidsoppgåver i samarbeid med arbeidsgjevar
- Livsstilsrettleiing og individuelt treningsopplegg med oppfølging
- Moglegheit for gruppetema og rettleiing
- Samarbeid med behandlar om du ynskjer det
For å søkje om arbeidsretta rehabilitering, tek du kontakt med ditt lokale Nav-kontor.