Arbeidsførebuande trening (AFT)
Vil du ta steget nærare arbeidslivet? Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod for deg som treng støtte til å finne rett veg vidare. Her får du sjansen til å styrkje arbeidsevna, prøve deg i arbeidslivet og bygge kompetanse – med målet om ein trygg og stabil jobb.
Kor lenge varer tiltaket?
Vanlegvis eitt år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare eitt år. Dersom du tek utdanning eller opplæring som gir formell kompetanse, kan du få endå eitt år ekstra.
Omfang
AFT er i utgangspunktet eit heiltidstilbod, men kan tilpassast dine behov.
Dette får du tilbod om;
- Karriererettleiing og fokus på dine ressursar
- Hjelp til å skrive søknad og CV
- Bistand til kontakt med arbeidsgivarar
- Oppfølging og tilrettelegging i praksis eller løna arbeid
- Oversikt over utdannings- og opplæringsmoglegheiter
- Opplæring i grunnleggande og digitale ferdigheiter
Du får ein jobbkonsulent som følgjer deg tett gjennom heile tiltaket. Gjennomgang av aktuelle tema kan også skje i mindre grupper.
Lurer du på om dette er noko for deg?
Ta kontakt med din Nav-rettleiar eller kontaktperson hos Furene.