Grunnleggande arbeidsnorsk
Målet med kurset er at du skal få kunnskap og kompetanse som gir deg større moglegheiter på arbeidsmarknaden, og auke sjansane dine for å få jobb.
Kurset varer i 26 veker. Dei 12 fyrste vekene er det undervisning måndag til fredag kl. 09.00-15.00. Deretter 14 veker praksis i ulike bedrifter.
Kurs i grunnleggande arbeidsnorsk er eit kurs for deg som vil;
-
bli betre i norsk
-
vite meir om norsk arbeidsliv
-
vite meir om norsk arbeidskultur og det norske samfunnet
-
vere ein del av ei gruppe
-
bli flinkare til å bruke data
-
jobbe med CV, søknad og intervju
-
bruke arbeidspraksis for å kome nærare målet om jobb
Du søker om plass på kurset via din kontaktperson på Nav-kontoret. Kursdatoer;
- Oppstart 17. november 2025 i våre lokale i Volda (Furene 8)
- Oppstart 23. februar 2026 i våre lokale i Ulsteinvik (Sjøgata 7)
- Oppstart 24. august 2026 i våre lokale i Volda (Furene 8)