Kva vi leverer

  • Heil- og halvpallar
  • Spesialpallar
  • Transportkasser
  • Tre-kryss for wire og andre spesialløsningar

Vi er også forhandlar av pallekarmar til både heil- og halvpallar og lagar lok til desse.

Godkjenning og kvalitet

Treavdelinga har godkjenning frå Mattilsynet (NO-990177376 HT) for produksjon av materiell til eksport.
Alle materiala vi nyttar er godkjende i samsvar med desse krava.

Moderne maskinpark og fleksibilitet

Avdelinga har ein godt utstyrt maskinpark og stor fleksibilitet når det gjeld oppdrag og leveringstid. Vi tek gjerne på oss spesialoppdrag og finn løysingar som passar dine behov.

Ein arena for opplæring

Treavdelinga er ikkje berre ein produksjonsplass – det er òg ein arena for opplæring og rekruttering. Her får menneske mulegheiter til å lære praktiske ferdigheiter, meistre nye oppgåver og ta del i arbeidslivet.