Furene Profilering/reklame – kreativitet med samfunnsansvar
Vi leverer alle typar reklameprodukt – frå idé til ferdig montering. Hos oss får du kvalitet, kreativitet og lokal tilknyting. Ein viktig del av vårt DNA er inkludering; vi gir menneske mulegheiter til arbeid og opplæring i kreative fag.
Kva vi tilbyr
På vår avdeling i Dragsund har vi kompetansen og utstyret til å hjelpe deg med;
- Utforming og design – logoar, illustrasjonar, profilmanualar
- Produksjon – skilt, folie, trykksaker, etikettar
- Montering – innandørs og utandørs, små og store prosjekt
Skilt
Vi leverer komplette løysingar:
- Fasadeskilt med og utan lysdioder
- Skilt og merking til bygg, nybygg og rehabilitering
- Taktil merking og skilting i tråd med universell utforming
- Stadionskilt, opplysingsskilt, anleggsskilt, hamneskilt, løypekart og områdekart
- Fluoriserande skilt for ekstra synlegheit
Foliedekor
Folie gir merksemd og stil:
- Dekor på veggar, vindauge og glasflater
- Frosting for innsynsskjerming og lysgjennomgang
- Glasdekor med striper og logoar – universell utforming
Trykksaker
Vi produserer små og store seriar:
- Plakatar, flygeblad, brosjyrar, visittkort, konvoluttar
- Konkurransedyktige prisar og rask levering
Etikettar og klebemerker
- Etikettar på rull i valfri form og farge
- Ulike overflater og limstyrke
- Store klebemerker for innandørs og utandørs bruk – tåler ver og vind
Roll-up og banner
- Roll-up: enkel å ta med, perfekt til messer og butikk
- Banner: små og store format, PVC eller polyester, med maljer eller borrelås
- MESH-banner for utandørs bruk
Messeutstyr og giveaways
Vi hjelper deg med:
- Messeveggar og messebord
- Profilprodukt og giveaways
Bildekor
Firmabilen er den beste reklameplassen du har:
- Foliering av små og store køyretøy og tilhengarar
- Profesjonell montering og slitesterke materialar
Har du ein idé du vil diskutere? Kom innom for ein prat og sjå folieprøver og skiltmateriale. Send ein e-post eller ring oss – vi finn tid til deg!



