Våre bakeriutsal

I sentrum av Ulsteinvik og Hareid finn du våre utsal som luktar av ferske brød, nysteikte bollar og nykverna kaffi. Her møter du handverk, tradisjon og gode smakar – kvar einaste dag.

 

Inkludering og fellesskap

Bak sprø skorper og luftige deigar ligg det noko meir enn gode bakevarer:
Vi gir arbeidstrening til menneske som av ulike grunnar har falle utanfor det ordinære arbeidslivet. Hos oss får dei høve til å lære eit fag, oppleve meistring og kjenne seg som ein del av eit lag.
Unge og eldre, menneske med ulik bakgrunn og erfaring, møtest over mjølposar og eltebord. For oss handlar handverk òg om menneske.

 

Eit bakeri som set folk i sentrum

Når du handlar hos oss, får du ikkje berre med deg ferske varer heim – du støttar eit bakeri som gir rom for inkludering og fellesskap.
Mjøl & Meir har vorte ein viktig møteplass for mange. Her er dørene alltid opne, og alle er velkomne – anten dei kjem for å jobbe, lære eller berre nyte smaken av godt bakverk.

 

Levering til bedrifter og barnehagar

I tillegg til sal over disk leverer vi brød og bakarvarer til bedrifter og barnehagar. Ta kontakt for avtale!

 

Mat og møter i Furene

Furene ligg sentralt ved inngangsporten til industri- og butikkområdet. Her tilbyr vi:

  • Møterom til utleige
  • Catering til små og store arrangement

Vi tilbyr meny frå kantina eller etter ynskje. Våre bugnande fruktfat er populære – sjå meir på jobbfrukt.no. Vi kan òg drifte bedriftskantine i dine lokale.

 

Utleige av kurs- og møterom

Treng du lokale til kurs, møte, konfirmasjon eller barnedåp? Vi har moderne og lyse rom i ulike storleikar:

  • Møterom: 10–12 personar
  • Undervisningsrom: 20–40 personar
  • Kantine: plass til 60 personar

Alle møterom har moderne AV-utstyr, og vi ordnar servering.

 

Kontakt oss

Besøk oss i Ulsteinvik eller Hareid – eller ta kontakt for catering, møterom eller bedriftsløysingar.