Ein sentral del av avdelinga er å vere ein attraktiv arena for opplæring og rekruttering til arbeidslivet innan mekaniske fag. Vi gir menneske høve til å lære eit yrke, utvikle meistring, kompetanse og bli ein del av eit fagmiljø.

Våre fokusområde

  • Maskinering
  • Platebearbeiding
  • Sveising
  • Overflatebehandling
  • Montering av produkt og komponentar i metall

Vi har òg god kompetanse på utvikling av nye produkt og løysingar i samarbeid med kundane våre. Furene Mekanisk er i positiv utvikling med fleire nytilsetjingar, dyktige fagfolk og aukande omsetning.

Platebearbeiding

Vi har ein moderne og oppgradert maskinpark for platebearbeiding, og flinke medarbeidarar som leverer kvalitetsprodukt til rett tid.

Vi bearbeider plater i stål, rustfritt og aluminium i ulike kvalitetar og tjukkelsar. Maskinpark;

  • Fiberlaser 4KW (LVD)
  • Kantknekker 170 tonn, 60 og 30 tonn (LVD og Donewell)
  • Lissmac slipemaskin
  • Valse
  • Eksenterpresser

 

Fiberlaser Lynx FL3015 4KW

  • Flytande nitrogen for prisgunstig skjæring av rustfritt, syrefast og aluminium
  • Platestørrelse: opptil 1500 x 3000 mm
  • Platetjukkelse:
    • Aluminium: opptil 15 mm
    • Rustfritt/syrefast: opptil 12 mm
    • Stål: opptil 15 mm

 

Kantknekke Easy-Form 9 170/30

  • 9-aksa maskin for komplekse knekkeprosessar
  • Knekkekraft: 170 tonn
  • Maks platebreidde: 3000 mm
  • Adaptiv laser gir høg presisjon og redusert knekketid

Offline-programvare gjer at vi kan ta imot 3D-filer frå kundar, skjere i laseren og knekke til ferdig produkt.

Sveising

Vi har ei godt utstyrt sveiseavdeling og leverer:

  • MIG/MAG
  • TIG-sveising
  • Elektrodesveising
  • Punktsveising
  • Boltsveising
  • Plasmabrenning

Sveiserobot for serieproduksjon av komponentar.

Maskinering

Vi tek oppdrag med dreiing, fresing, boring og gjenging av dei fleste typar metall og plastmateriale. Vi leverer både større seriar og spesialoppdrag. Maskinpark;

  • 2 CNC-dreiebenkar
  • 1 manuell dreiebenk
  • 2 CNC-fresar
  • Bandsagautomat og søyleboremaskiner

 

Pulverlakkering

Vi har eit automatisert pulverlakkanlegg med conveyorbelte frå lakkammer til herdeovn.

  • Lakkering med lysekte polyester – slitesterk og med fin finish
  • Effektiv lakking av større seriar
  • Maks delestørrelse: 120 x 60 cm

 

Eigne produkt og samarbeid

Vi leverer både eigenutvikla produkt og opererer som underleverandør til industrien i regionen. Vi samarbeider gjerne med bedrifter og enkeltpersonar om nye produktidéar – frå konstruksjon til prototype og utprøving.

Eksempel på produkt;

  • Trapper, plattformer og rister
  • Doblingsplater
  • Leider og fenderkryss/dekk-klammer
  • Pullerter og føringskant
  • Braketter
  • Rammer og fundament
  • Wireclips (Voldaklemma)
  • Utstyr til fritidsbåt
  • Beslag, hengslar, tersar og låsekassettar
  • Komplette oljefilter til maritim industri
  • Hydraulikk-/ekspansjonstankar
  • Plater, luker og panel til maritim industri
  • Skilt/pylon
  • Foringar, akslingar og mutrar

 

Kontakt oss

Ta kontakt for oppdrag, samarbeid eller produktutvikling. Vi hjelper deg med løysingar som gir kvalitet og presisjon – og vi gir rom for læring og rekruttering til mekaniske fag.