Furene Industriproduksjon – effektivitet og inkludering
Vi leverer industriproduksjon med høg presisjon – og gir menneske moglegheiter til opplæring og arbeid i trygge rammer. Med lokal forankring og eit sterkt fagmiljø løyser vi oppdrag for bedrifter og kommunar i regionen.
Vi kan produsere for di bedrift
Vi tek på oss oppdrag innan:
- Maskinell bearbeiding av komponentar
- Montering og samanstilling
- Pakking og klargjering for utsending
- Transportoppdrag for kommunar og bedrifter
Vi har kapasitet, fleksibilitet og dyktige folk – klare til å ta på oss fleire oppdrag.
Ein arena for arbeid og opplæring
Ein sentral del av industriproduksjonen vår er å vere ein attraktiv arena for opplæring og rekruttering. Vi gir menneske mulegheiter til å lære praktiske arbeidsoppgåver, meistre nye ferdigheiter og ta del i arbeidslivet.
Hos oss er det plass til både dei som er i startgropa og dei med erfaring.
Eksempel på oppdrag vi utfører
Vi løyser varierte oppdrag for lokale kundar – med vekt på montering og pakking;
- Jets AS: pakking og montering av komponentar til vakuumtoalett
- Grøvik Verk: montering av takrennedelar
- Fora Form: pakking og montering av delar
Kvalitet og levering til rett tid
For oss er det viktig å levere godt arbeid til avtalt tid. Vi jobbar strukturert med kvalitet i alle ledd og har rutinar for kontroll, sporbarheit og trygg handtering av komponentar.
Målet vårt er at du skal kunne stole på oss – kvar gong.
Slik jobbar vi
- Planlegging: Vi avklarer omfang, spesifikasjonar og tidsplan saman med kunden.
- Produksjon: Effektiv gjennomføring med fokus på kvalitet og presisjon.
- Kvalitetskontroll: Sjekk og dokumentasjon før levering.
- Levering: Pakking, merking og transport ved behov.
Kvifor velje Furene Industriproduksjon?
- Fleksibel kapasitet – vi skalerer etter oppdraget
- Presisjon og tryggleik – rutinar og kvalitet i alle ledd
- Lokal tilknyting – nærleik til kundar og samarbeid
- Samfunnsansvar – arbeidsoppgåver som gir mulegheiter for folk




