Kva vi leverer
Vi produserer graverte skilt og panel til industrien, til bruk på:
- Brytarar, ventilar og pumper
- Elektroskap og tavler
- Kontrollpanel og spesialmerking
Vi både fresar, lasergraverer og laserskjærer i:
- Plast og pleksiglas
- Aluminium og stål
- Messing
Ein arena for opplæring
Avdelinga er ikkje berre ein produksjonsplass – det er òg ein arena for opplæring og rekruttering. Her får menneske mulegheiter til å lære presisjonsarbeid og moderne teknologi, inkludert bruk av avansert lasergraverings- og laserskjæreutstyr. Dette gir verdifull kompetanse for framtida og opnar dører til arbeidslivet.



