Kva vi gjer
- Samlar inn tekstilar for Fretex i kommunane på Søre Sunnmøre
- Gjenvinn tauverk brukt i fiskegarn
- Sorterer metall frå kasserte høgspentliner
- Tek på oss spesialoppdrag for bedrifter med grøn profil
Ein arena for opplæring
Avdelinga er ikkje berre ein produksjonsplass – det er òg ein arena for opplæring og rekruttering. Her får menneske mulegheiter til å lære praktiske ferdigheiter innan miljøarbeid og gjenvinning.
Har du eit grønt prosjekt? Ta kontakt – vi hjelper deg med løysingar som gir ressursane nytt liv.



