Kva er personopplysningar

Personopplysningar er alle former for data, informasjon, opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Denne sida beskriv kva personopplysningar som vert behandla ved Furene AS, korleis dei vert behandla, kven som er ansvarleg for behandlinga, kva rettar du har og kven du kan kontakte om personopplysningane dine.  


Rettigheiter for dei registrerte

Som registrert har du rett til innsyn i personopplysningar som er registrert om deg. Du har også rett til:

  • Å korrigere personopplysningane dine

  • Å få sletta personopplysningane dine (retten til å verte gløymt)

  • Å begrense behandlinga som gjeld deg sjølv

  • Å motsette deg behandlinga

  • Å trekke tilbake eit samtykke

  • Å få ta med seg eigne personopplysningar (dataportabilitet)



Ansvar for behandling av personopplysningar

Furene AS er ansvarleg for personopplysningar vi behandlar. Dette er opplysningar om eigne tilsette, deltakarar på tiltak, kontaktpersonar hos kundar, leverandørar og andre samarbeidspartar. Furene AS har ansvar for å følge gjeldande reglar om personopplysningar.

Det daglege behandlingsansvaret har dagleg leiar; Eldor Skeide. Epost: eldor.skeide@furene.no


Personvernombud

Furene har eit personvernombud som skal ivareta personverninteressene til både deltakarar på tiltak og tilsette ved Furene AS. Personvernombud for administrative behandling av personopplysningar ved Furene AS kan kontaktast via e-post toril.sorheim@furene.no

Dersom du meiner vi i Furene AS ikkje overheld dine rettigheiter i henhold til Personopplysningslova eller på annan måte har brote lova, ber vi deg ta kontakt med oss snarast. Ta kontakt på post@furene.no 

Du har også rett til å sende inn klage til Datatilsynet. Kontaktinformasjonen er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no.