Vår visjon

Saman skaper vi eit arbeidsliv med plass og moglegheiter for alle.


Våre verdiar

Samlande - Vi får til meir når vi jobbar saman. Ved å samle ressursar med eit sterkt ynskje om å hjelpe, gir vi menneske kunnskap og trua på seg sjølv. Slik kan dei oppnå jobbdraumen sin.

Skapande - Vi skaper nye moglegheiter ved å knyte tette band mellom dei som søker jobb og dei som treng arbeidskraft. Vi skal utvikle og tilby tenester som gir kvar enkelt best mogleg føresetnad for å lukkast i arbeidslivet.

Kraftfull - Vi har kompetanse, ambisjonar og ressursar til å løyse to store samfunnsutfordringar: Utanforskap og mangel på arbeidskraft. Vårt lokale nærvær og kollektive kraft skapar eit meir inkluderande samfunn.

 

Vårt løfte til kunden

Vi set deg i sentrum og vil sikre at dine behov og forventningar blir møtte.