Furene AS leverer tiltaket I UNG til Møre og Romsdal fylkeskommune, dette er eit tilbod for ungdom mellom 16 og 21 år som har slutta eller ikkje starta på vidaregåande opplæring av ulike årsaker. Målet med I UNG er at det skal motivere ungdommane og gje dei betre føresetnad til å gjennomføre vidaregåande skole og/eller skaffe seg arbeid. Gjennom individuell oppfølging av kompetente vaksne, fellesskap med andre ungdommar og tilrettelegging for praksis i ulike yrker, skal I UNG bidra til oppbygging av den unge sin motivasjon og meistringsevne.

Ta kontakt med oppfølgingstenesta (OT) for meir informasjon om tilbodet.

Kontaktperson i Furene: Ingvild Riise: ingvild.riise@furene.no / mob: 41 23 5306