EQUASS (European Quality in Social Services)

I Furene AS arbeidar vi kontinuerlig med forbetring av tenestene våre. Vi er sertifisert i samsvar med den europeiske standarden EQUASS Assurance, som er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester. Med ekstern revisjon og sertifisering som er utvikla av EPR (European Platform for Rehabilitation). Dette gir tjenesteleverandørar i velferdssektoren ein standard til å sikre kvaliteten av tenestene overfor brukarar og samarbeidspartnarar. 

Furene AS vart sertifisert i eQuass våren 2012, og resertifisert våren 2016. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett krav til kvalitetssikring med ekstern revisjon og sertifisering av arbeidsmarknadstiltak i skjerma verksemd. EQUASS Assurance dekker myndigheitene sine krav til kvalitetssikring. 


Godkjent lærebedrift

Som lærebedrift er vi godkjent av fylkeskommunen for å ta inn lærlingar/lærekandidatar. For å bli godkjent må ein kunne gi den opplæringa som er fastsatt i læreplanen for faget, og den må ha ein faglig kvalifisert person (fagleg leiar) som er ansvarleg for opplæringa. Furene AS er pr dato godkjent i følgande fag;

  • Industrimekanikar
  • Profileringsdesignfaget/grafisk arbeid
  • Institusjonskokkfaget

Opplæringa skal i størst mogleg grad tilpassast lærlingens eller lærekandidatens evner, interesser og forutsetningar.