Målet med Medvind er å få flest mogleg over i fast arbeid eller inn i eit utdanningsløp. Gjennom tett oppfølging, meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande fellesskap ønskjer vi å gi kvar enkelt dei beste føresetnadene for å lukkast.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Furene, Ulstein kommune og Sparebanken Møre. Ulstein kommune stiller lokale til disposisjon, medan Sparebanken Møre bidreg med økonomisk støtte. Denne støtta har vore avgjerande for at prosjektet kunne bli realisert, og vi er svært takksame for bidraget.

Deltakarane møtest tre gonger i veka og får vere med på arbeidsoppgåver, rettleiing og sosiale aktivitetar. Opplegget blir tilpassa den enkelte, med mål om å byggje sjølvtillit, kompetanse og motivasjon for vidare deltaking i arbeidslivet eller utdanning.

Vi samarbeider med fleire bedrifter som tilbyr arbeidsoppgåver og moglegheiter for vidare utvikling. Bedrifter som ønskjer å bidra med praksis eller arbeidsplassar, er velkomne til å ta kontakt.

Kjenner du ein ungdom som står utanfor arbeid eller utdanning? Då oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss. Sjølv om målgruppa er 18 til 30 år, kan vi også vurdere yngre ungdomar som har falle ut av skule eller arbeid.

Saman kan vi skape nye moglegheiter og gi fleire unge medvind på vegen mot arbeid, utdanning og ein aktiv kvardag.