Vi kvalifiserer jobbsøkjarar til å dekke ulike behov i den lokale og regionale arbeidsmarknaden gjennom skreddarsydde og velprøvde opplegg. Vi tilbyr ulike former for arbeidstrening, og førebur jobbsøkjarane på kva du som arbeidsgjevar forventar og treng.
Deretter finn vi saman ut korleis arbeidstakaren best vert inkludert i di bedrift. Alt dette skjer under tett oppfølging av Furene sine rettleiarar, og er kostnadsfritt for bedrifta.
Elles har vi interne arbeidsarenaer for opplæring og kvalifisering innanfor;
-
Mekanisk arbeid
-
Industritenester
-
Kantinedrift
-
Vaskeri
-
Trevare
-
Grafisk arbeid/profilering
-
Tekstiltrykk
For at vi skal lykkast med vårt samfunnsoppdrag, er vi avhengige av at alle er med og bidreg. Gir du praksis eller jobb til ein jobbsøkjar gjennom Furene, er du også med og tek eit viktig samfunnsansvar.