Tilskot til Ekspertbistand er eit verkemiddel i sjukefråversoppfølging, og er tilgjengeleg for alle bedrifter.
 

Ved langvarig og/eller hyppig sjukefråver kan det vere behov for ekstern bistand. Arbeidstakar, arbeidsgivar og Nav skal vere einige om at Ekspertbistand er eit hensiktsmessig tiltak.


Eksperten skal;

  • Primært gi bistand på arbeidsplassen.
  • Støtte opp under samhandlinga mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.
  • Foreslå tiltak som skal gjere arbeidstakaren i stand til å utføre arbeidet sitt, eller gjere anna arbeid for same arbeidsgivar.
  • Kartlegge kompetanse og ferdigheiter hos ein arbeidstakar som grunnlag for å tilpasse arbeidsoppgåver eller finne ein ny yrkesveg.
  • Utarbeide ein rapport om årsak til sjukefråværet og forslag til tiltak for tilbakeføring til arbeid.

Prosessen med Ekspertbistand tilpassar vi i kvart enkelt tilfelle. Maksimalt tilskot pr sak er pr dato kr 24 000,-.