Tilgjengelegheitserklæring
Krav til universell utforming er delte inn i fire hovudgrupper:
- Innhaldet skal vere utforma slik at det blir oppfatta korrekt
- Nettstaden skal kunne brukast på fleire måtar
- Nettstaden skal framstå som forståeleg
- Nettstaden skal vere robust og koda på rett måte
Når vi utvikla denne nettstaden og seinare har lagt inn innhald, har vi jobba målretta for å sikre at desse fire hovudkrava blir ivaretekne på alle vanlege skjermtypar.
Ei ekstern analyse av nettstaden viser at han i all hovudsak oppfyller krava til universell utforming.
Dersom du oppdagar forhold på nettstaden som du meiner bør endrast for å betre tilgjenge, vil vi gjerne at du sender ein e-post til post@furene.no.
Om universell utforming
Alle norske nettstader er underlagde 35 krav til universell utforming. Dette skal sikre at digitale tenester er tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsevne, utdanningsnivå eller alder. Offentlege verksemder må i tillegg følgje 12 ekstra krav og publisere ei tilgjengeligheitserklæring på nettstaden. Krava er formulerte i desse standardane:
- WCAG 2.0: 35 krav for alle nettstader
- WCAG 2.1: 12 tilleggskrav for offentlege verksemder
I Noreg er det Tilsynet for universell utforming av IKT (UU-tilsynet) som har ansvaret for å følgje opp at Forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar blir etterlevd.
Her er nokre nyttige lenkjer om du ønskjer å lære meir om universell utforming:
Les forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar
Les kva UU-tilsynet seier (anbefalt lesing)