AKTIVITETSENTERET BAKK-OLA MARKA

Kontaktperson Sissel Andersen: sissel.andersen@furene.no / mob  95 99 27 85

 

Senteret er ope på dagtid for pensjonistar og andre som ynskjer å bruke senteret som ein møteplass. Aktivitetssenteret ligg saman med dei kommunale omsorgsbustadane i Anders Hovden gate i Ørsta sentrum. Her driv vi kafé og ymse kurs og aktvitetar for dei eldre i kommunen. I tillegg utfører vi reinhaldstenester på bygget. Aktivitetssenteret er ein attraktiv praksisarena. 

Opningstida er kl 10.30 - 14.30 måndag til fredag.

Vi serverer varm mat, dessert, kaffi og kaker alle dagar.

Ein del av aktivitetane arrangerer vi sjølve. Elles har vi eit utstrakt samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen. På Bakk-Ola kan du kjøpe batteri til høyreapparat på fredagar kl 12-14 . Måndag til onsdag er her fotpleiar, og ein dag i månaden kjem frisøren. Sommarhalvåret arrangerer den Gylne spaserstokk faste turar med oppmøte på Bakk-Ola marka. 

Har du lyst å vere med på:

  • Bingo
  • Trim
  • Quiz
  • Andakt
  • Div underhaldning
  • Seniorsong

- er du velkomen til oss på Bakk-Ola marka