ARBEIDSRETTA REHABILITERING (ARR)

Arbeidsretta rehabilitering passar for den som er heilt eller delvis sjukmeld. Det er også eit tiltak for den som av ulike grunnar har fått nedsett arbeidsevne og som treng hjelp til å auke deltakinga i arbeidslivet eller behalde arbeidet.

Tiltaket passar også for den som treng meir omfattande bistand for å kome i arbeid.
 

Tiltaket går over 4 veker, og kan forlengast med inntil 8 veker. Tiltaket er individuelt tilpassa, og kan kombinerast med behandling og/eller gradert arbeid.  Arbeidsretta rehabilitering skal styrke deltakaren si arbeidsevne. Tiltaket skal også bidra til å meistre helserelaterte og/eller sosiale utfordringar som hindrar deltaking i arbeidslivet. Ein sentral del av tiltaket er å prøve ut arbeidsevna på eigen arbeidsplass, eller på ein annan passande arbeidsplass.

Ein jobbkonsulent hjelper deltakaren med å utarbeide ein personleg handlingsplan, der målet er eit individuelt tilpassa opplegg som fører til arbeid. Furene AS kan bidra med arbeidsførebuande trening og arbeidsutprøving. Vi kan tilrettelegge arbeidsoppgåver i samarbeid med arbeidsgjevar, tilby livsstilsrettleiing, og også individuelt treningsopplegg med rettleiing.

Vi tilbyr også tema som grupperettleiing. Søkand om arbeidsretta rehabilitering skjer gjennom det lokale NAV-kontoret.