Målet vårt er å få flest muleg ut i fast jobb eller inn i eit utdanningsløp.  

Medvind er et samarbeidsprosjekt mellom Furene AS, Ulstein kommune som stiller lokaler til disposisjon og Sparebanken Møre som bidreg med finansiell støtte. Uten den så er det ikkje sikkert at vi hadde stått her i dag, så tusen takk til Sparebanken Møre!

Vi i prosjektet ser for oss å samle ei gruppe på ca. 10-12 ungdommar frå alle 7 kommunane på Søre Sunnmøre. Planen er at vi skal møtes 3 ganger i veka.

Her vil ungdommane verte ein del av eit sosialt felleskap. Vi vil bidra til at deltakarane skal kjenne seg inkludert, føle seg trygge og oppleve meistring.

Vi har gjort avtale med fleire virksomheiter kor vi skal utføre arbeid. Ungdommene vil få veiledning og arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte. Vi skal også ha det kjekt og delta på ulike sosiale aktiviteter. Vi tenkjer at ungdommane sjølve kan få bli med å bestemme aktivitetane.

Vi har som nemnt ei målsetting om å få flest muleg ut i arbeid og når den enkelte deltaker er klar for neste steg, skal utviklinga fortsette hos ein våre samarbeidsaktørar eller bedrifter. 

Er det bedrifter som ser de kan hjelpe oss med arbeidsplassar, ta kontakt med oss i Furene. 

Vi er avhengig av at vi kan komme i kontakt med ungdommer som ikke er i arbeid og som ikke har skoleplass. Oppfordringen går derfor til de som måtte kjenne seg igjen i dette, enten den enkelte ungdom, foreldre eller andre. 

Vi veit også at det er mange 16 åringar som fell ut av skule/arbeid, og som vi nemnte innleiingsvis er målgruppa dei mellom 18-30 år, men skulle det være foreldre som har ein 16 åring i hus som er i ein slik situasjon – ta likavel kontakt med oss så vil vi foreta ei vurdering.

robert.hjelmeseth@furene.no, tlf 940 01434 eller ingvild.riise@furene.no, tlf 412 35306.