Furene kvalifiserer og formidlar arbeidskraft i regionen, og leverer tenester og produkt til næringsliv og organisasjonar. Med auka krav og forventningar frå kundar, samarbeidspartnarar og myndigheiter, er det viktig å ha etablert eit solid kvalitetssystem. 

ISO-sertifisering er ein globalt anerkjend standard som sikrar at prosessane våre møter dei høgaste krava til kvalitet og miljøstyring. Å oppnå denne sertifiseringa viser at vi er opptekne av kontinuerleg forbetring, kundetilfredsheit og miljøansvar, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. 

Kvalitetsleiar Mona Rossetvik har leia prosessen mot sertifiseringa i Furene. Ho fortel at arbeidet har vore omfattande, men takka vere godt samarbeid har prosjektet kome i mål på rekordfart.  

Det er stas å ha fått eit kvalitetsstempel som synleg bevis for den gode jobben våre tilsette utfører. Furene leverer høg kvalitet på alle våre tenester og produkt, samstundes som vi har fokus på å redusere vår miljøpåverknad.  

Furene er medlem i Kopano, ei allianse av arbeids- og inkluderingsbedrifter over heile landet. Arbeidet mot ISO-sertifiseringa har vore eit felles prosjekt for 22 av medlemsbedriftene, og har dermed vore eit løft for heile bransjen. 

Framover skal vi jobbe systematisk for å oppretthalde og kontinuerlig forbetre kvaliteten på det vi leverer. Då er det ein stor fordel å ha eit nettverk å dele erfaringar med, avsluttar Rossetvik.  


Fakta 

Furene er ei arbeids- og inkluderingsverksemd på Søre Sunnmøre og har om lag 190 tilsette medrekna 76 VTA-plassar (varig tilrettelagt arbeid). I alt 775 deltakarar var innom Furene i 2024 og same året vart 141 personar formidla til arbeid og 19 personar til vidare utdanning. Furene har nyleg utvida verksemda etter å ha fusjonert med Ulshav AS. Verksemda leverer no tenester og produkt innanfor mekanisk industri, grafisk og profilering, klestrykk, pakking og montering, bakeri og jobbfrukt.