A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

Kontakt: Furene AS
post@furene.no +47 70 07 48 50

Furene for den som vil og kan

I Furene  er fellesskap og samspel mellom menneske ein avgjerande faktor for alt vi gjer i bedrifta. Bedrifta sitt fundament og hovudoppgåve er å styrke brukar si tilknyting til arbeidslivet og medfører hyppig og utbredt kontakt med tilsette, deltakarar, kundar og eit stort nettverk av interessepartar. Difor er det viktig at vår framferd set gode spor, at vi vinn tillit, skaper gjensidig respekt og viser god vurderingsevne. Kvar dag står vi overfor valg, nokon enkle og innlysande, andre svært utfordrande med hensyn til kva moment som skal vege tyngst. Meg sjølv, mine medarbeidarar, Furene  eller Furene sine kundar?

Formål
Selskapet sitt formål er å legge til rette for vidare personleg utvikling
hjå arbeidssøkjarar etter den politiske vedtekne arbeidslinja.

Forretningside
Drifta vert basert på verdiskaping gjennom produksjon, service
og tenester.


Visjon:
Furene – for den som vil og kan!!

Furene skal:
Legge til rette for auka kompetanse og utvikling
Vere ei attraktiv bedrift å jobbe i
Skape meirverdi for kundane

Verdiar:
Truverdig
Respekt
Uredd

Slik skapar vi framtidsTRU


Hovudmål 2016-2020:

Utviklingsmål:
Utvikle tenester i høve til kundane sine behov
Utvikle relevante kvalifiseringsarenaer
Bedrifta skal vekse i region Nordvestlandet organisk og/eller gjennom
samordning

Resultatmål:
Gjennomstrøyming >1,5 % av befolkninga på SS (48039(per. 3.kv/15/721)
% vis formidling og tilbakeføring til arbeidslivet på nivå med 2015
Driftsresultat > 3% av omsetninga

Samfunnsansvar:
Etikk:
Vi ynskjer å bygge ei sterk merkevare i Furene as og vi ynskjer å vere stolte av arbeidsplassen vår. Difor skal vi vere oss bevisste våre haldningar og våre handlingar. Vi vert lagt merke til og set vårt avtrykk langt meir enn vi er klare over. Vi har alle eit stort ansvar for å opptre med verdigheit, utvise etisk godt skjøn og vurderingsevne.   

Ytre miljø:
Vi er bevisst vårt ansvar for miljøet rundt oss og vel så langt råd er miljøvenlege produkt og prosessar.

Vi ynskjer å samarbeide med bedrifter som tek godt vare på både miljø og menneske

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50