A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

Kontakt: Furene AS
post@furene.no +47 70 07 48 50

Vi søkjer to nye medarbeidarar; Grafisk/ print og Montør/ produksjon

logo_furene.jpg

FURENE AS er ei av landets 115 arbeidsinkluderingsbedrifter. Vi er ein regional aktør som er til stades i alle dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre. Hovudkontor i Furene i Volda med avdelingar i Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven. I Furene AS set vi personen  i sentrum, og vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering , rehabilitering og ikkje minst til å tru på eigne ferdigheiter.  Furene AS er også produsent  av varer og tenester til næringslivet i regionen.

 

Furene Profilering er totalleverandør av profileringstenester, og har gjennomført ei rekke større prosjekt. Vi søkjer no etter to medarbeidarar som kan bidra til vidare utvikling av avdelinga. Arbeidsstad er Furene AS si avdeling på Leikong.

Medarbeidar grafisk/print (vikariat med moglegheit for fast tilsetting)

 Kvalifikasjonar

  • God kunnskap og erfaring med Adobe-pakken
  • Kundeorientert, imøtekomande og fleksibel
  • Oppgåver; klargjering og endring  av filer, digitalprint, folieprint, etterarbeid/ferdiggjering, noko monteringsarbeid folie/skilt
  • Førerkort klasse B, gjere seg godt forstått på norsk

Sjølvgåande, nøyaktig, praktisk anlagt og godt humør

Montør/produksjonsmedarbeidar

 Kvalifikasjonar

  • God kunnskap og erfaring med print/utskjering og montering av folie
  • Kundeorientert, imøtekomande og fleksibel
  • Gjerne kvalifikasjonar innan Adobe-pakken, men ikkje eit krav
  • Førerkort klasse B
  • Sjølvgåande, nøyaktig, praktisk anlagt og godt humør
  • Gjere seg godt forstått på norsk

 Felles for begge stillingane:

Arbeidsoppgåvene er ofte heile produksjonslinja - frå første kundekontakt til ferdig produkt.

Tilsetting snarast mogleg.

 Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø, naudsynt opplæring og ein varierande kvardag
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikringsordningar

 

 

Søknadsfrist for begge stillingane er 30 september.

 

Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved Gro-Lise M Rise.

Søknad med CV sender du til e-post gro-lise.rise@furene.no

NB! Merk søknaden med kva stilling/ar du ynskjer å søkje på.

 

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50