A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

Kontakt: Furene AS
post@furene.no +47 70 07 48 50

POLICYDOKUMENT

Kvalitet

-Furene skal framstå som  den fremste leverandør av kvalifisering i reelle bedriftsmiljø på
Nordvestlandet.
-Furene skal ha fokus på muligheitene for brukaren, kunden, samt for utvikling av eksisterande og nye tenester.

Kvalifisering er for oss eit samlande begrep for ein prosess hjå eit menneske for å styrkje personen i å vere aktør i eige liv. Å vere den fremste leverandøren tyder at vi ynskjer å levere kvalitet i alle ledd og ha eit sterkt fokus på mulegheiter for forbetring. Til hjelp i kvalitetsarbeidet har vi vedteke å nytte Equass kvalitetssystem.

Vi har fokus på å tilfredsstille brukarane, tilsette og kundane sine krav og forventningar til kvalitet.

Ved å styre prosessane våre slik at vi:
  - leverer avtalt kvalitet til avtalt tid
  - har økonomiske og levedyktige løysingar som tilfredsstiller behova

Leiinga har forplikta seg til kontinuerleg forbetring av våre prosessar. Dette skal vere gjennomgåande for måten vi opptrer på  i alle ledd. Slik vert vi alle ansvarlege for kontinuerleg å måle og forbetre prestasjonane våre.

Kommunikasjon

Slik vil vi stå fram i forhold til brukarar, kundar, leverandørar og interessepartar:

I kontakt med omverda skal vi framstå som opne, ærlege, rettskafne ogkorrekte, med respekt for andre kulturar og forretningsskikkar. Vi skal ikkje gi informasjon om interne forhold til kundar og leverandørar, ut over det som trengst for å gi gode tilbod og yte god service, samt byggje forretningsmessige relasjonar.

” Vi skal vere oss bevisst at vi ikkje arrangerer, eller tek del i, arrangement betalt av forretningskontaktar, utan at det gir fagleg eller forretningsmessig utbytte. Furene sine tilsette og representantar skal ikkje kome i eit uheldig bindingsforhold til kundar eller leverandørar. Difor skal Furene  sine tilsette ikkje ta i mot gåver utover det som har symbolsk verdi eller rein reklameverdi.

All kontakt med media skal avklarast med dagleg leiar.

Furene  sine brukarar, kundar, leverandørar og interessepartar skal ved behov gjerast kjend med desse retningslinjene.

Likestilling og ikkje-diskriminering, annerkjenning og involvering

Furene forpliktar seg til å motarbeide all diskriminering. Vår likestillings og diskrimineringspolitikk er tufta på like rettar for kvinner og menn. På arbeidsplassen gjeld dette i arbeidsforholdet, tilsettingar, løn og utviklingsmulegheiter på arbeidsplassen. Ingen skal heller diskriminerast på grunn av ulik etnisk bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne, seksualitet, religion eller politisk ståstad.

Tilsette skal ha muligheit til, samt å bli forespurt om å delta i planlegging, utvikling og evaluering av den daglege drifta. Det kan omhandle kvalitetsarbeid, tenesteleveranse og organisasjonsutvikling. Leiarane i Furene skal vere opne for gode forslag frå tilsette. Det skal verte gitt tilbakemelding på innspel. Dialogen skal gi tryggheit og kulturen skal vere forpliktande for alle partar.

«Furene for den som vil og kan» gjeld også for vårt leiarskap og personalpolitikk. Tilsette i Furene skal visast anerkjenning for den jobben dei gjer. Anerkjenning er å vise merksemd til den enkelte gjennom for eksempel medarbeidarsamtalar, spontant og eller i andre samanhengar der det fell naturleg. Tilliten  og trua på dei tilsette vert underbygt gjennom å verte gitt mulegheita til kompetanseheving, auka ansvar, tilgong til dei verkty, resursar og informasjon dei treng for å gjere ein best muleg jobb.

Rekruttering

Furene har fokus på rekruttering av medarbeidarar som har kompetanse og ferdigheiter som bidreg til at bedrifta når sine mål på kort og lang sikt. Ut i frå kriteria i dette dokumentet rekrutterer Furene den som vert vurdert som best kvalifisert til stillinga. Rekrutteringa skjer etter utarbeiding av kompetanseprofil, med tilsetjing basert på relevant utdanning og praksis, samt personlege eigenskapar. Furene sin rekrutteringspolicy skal være open og inkluderande med sikte på en god kjønnsbalanse.  Ein skal bidra til at arbeidsstokken speglar mangfaldet i samfunnet, også når det gjeld ulik etnisk bakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og alderssamansetning.

Furene ynskjer at nye medarbeidarar lett skal identifisere seg med vårt formål og våre verdiar.
Rekrutteringsprosessen skal oppfattast som rettvis og i tråd med gjeldendande lov og avtaleverk.
Som søkjar til ei ledig stilling skal du oppleve at du har fått ei god og forsvarleg behandling av søknaden din og at rekrutteringsprosessen har vore ryddig.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad- ein menneskerett

Brukarmedverknad har utspring i FN’s menneskerettar frå 1948. Alle har rett til å leve eit verdig liv, uansett samfunn, tilstand og situasjon. Opplevinga av verdigheit gjennom deltaking og medbestemmelse er avgjerande for livskvaliteten. Dette er også eit demokratisk prinsipp i vårt samfunn.

Egenkraftmobilisering/empowerment skal være i fokus hjå deltakarane i Furene. Det betyr at vi som leverandør av velferdstenester skal ha fokus på brukarmedverknad hjå den einskilde deltakar. Våre tilsette skal bruke konkrete verkemiddel som gjer deltakaren i størst muleg grad i stand til å mobilisere eigne krefter til forbetring av sin eigen situasjon.

Brukar skal også kunne påverke tenesteleveransen både på individnivå og organisatorisk nivå.

Policy for å hindre fysisk, psykisk, seksuell og økonomisk utnytting av brukar.

Som leverandør av velferdstenester har Furene deltakarar som kan stå i fare for  å bli utsett for fysisk, psykisk og økonomisk utnytting. Furene kartlegg muleg risiko for slik utnytting, sårbare situasjonar og er vårt ansvar over for brukar bevisst.

Gjennom vår policy, rutiner og prosedyrer skal vi søke å minimere risikoen for at brukar som er tilknytt Furene skal bli utsett for utnytting.

Konfidensialitet

Alle tilsette skal behandle sensitiv informasjon med aktsemd og lojalitet ut i frå gjeldande teiepliktdokument. I tillegg skal den enkelte behandle informasjon ut i frå eiga vurdering av om vidareformidling kan skade bedrifta og eller brukaren.

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50