A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

Kontakt: Furene AS
post@furene.no +47 70 07 48 50

Om furene as

Furene AS  er ei av landets omlag 100 attføringsbedrifter med hovudkontor i Furene  industriområde  i Volda. I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum.

Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft. I tillegg er Furene AS ein stor leverandør av varer og tenester til næringslivet i regionen.

Furene AS vart etablert i 1971. Verksemda er eigd av Norges Handikapforbund (51,3 %), Møre og Romsdal Fylkeskommune og 11 kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord. Det er om lag 40 ordinært tilsette i verksemda. Omsetning i 2010 var om lag NOK 40 millionar.  Alle opptente midlar vert brukt i verksemda. Ansvaret for den daglege drifta høyrer under styret og dagleg leiar slik aksjelova krev. Styreleiar er Inge-Jonny Hide. Dagleg leiar er Hege Karete Hamre. Bedrifta er medlem i NHO Service.

Hovudproduksjonen på tenestesida er avklaring, arbeidsretta rehabilitering, kvalifisering og formidling. Dette vert gjennomført  ved at deltakarane får prøve seg ut i ulike arbeidssituasjonar saman med kyndige arbeidsleiarar og instruktørar. Vårt fagpersonell observerar arbeidstakaren i utføringa av arbeidet og bidreg med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile den arbeidsretta rehabiliteringsprosessen.

Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet om jobbformidling og kvalifisering av arbeidskraft til privat næringsliv og offentleg forvaltning på Søre Sunnmøre.

Furene AS er i tillegg ei stor industri- og servicebedrift. Vi er leverandør til fleire store industribedrifter/kundar på Søre Sunnmøre. Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulikt arbeid både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt i samarbeidande verksemder. Vi driv eiga kantine i samarbeid med Fjord1 Buss Møre, aktivitetssenter for innbyggarane i Ørsta (BakkOlamarka), profilering med skilt folie og transfertrykk, monteringsavdeling for komponentar til lokal industri, mekanisk avdeling på høgt fagleg nivå innan maskinering og sveis, reinhald og vask av kle, kontoropplæring  med meir.

Furene AS er godkjend leverandør av ulike attføringstenester til NAV og underlagt eigen kravspesifikasjon utarbeid av NAV. Furene AS er godkjend arbeidsmarknadsbedrift og får tildelt rammer frå NAV som godkjent leverandør av tenester på Søre Sunnmøre. Furene AS har levert AMO-kurs til NAV, og har sidan 2009 vore NAV sin hovudleverandør av dei dagbaserte helsetenestene innan avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging i Møre og Romsdal. 

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50